Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Qbist”


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Teiknefilter → Mønster → Qbist

Dette filteret lager eit tilfeldig teksturmønster ved hjelp av geometriske figurar og fargeovergangar. Det ferdige biletet vil erstatta biletet i det aktive laget fullstendig.

Tre meir eller mindre tilfeldige eksempel
Tre meir eller mindre tilfeldige eksempel
Tre meir eller mindre tilfeldige eksempel

Innstillingane for filteret Qbist

I øvre delen av dialogvindauget finn du ni miniatyrar. Ruta i midten viser det aktive forslaget som blir lagt inn i biletet når du klikkar OK-knappen. Rundt dette åtte variasjonar over temaet. Finn du at ein av variasjonane kjem nærast ønskjet ditt, klikkar du på det for å flytte det inn i midten. Det vil då dukke opp åtte nye variasjonar over dette temaet. Finn du ingen brukbare forslag, kan du klikke på biletet i midten for å få filteret til å generer ein ny sekvens.

Kantutjamning

Er denne aktivert, vil alle kantane i biletet bli glatta ut.

Opna/Lagra

Det er i praksis uråd å finne fram til eit tidlegare kreert mønster. Finn du eit brukbart forslag, er det difor greitt å kunne lagra dette og hente det fram igjen seinare.