Revision History
Revision $Revision: 2310 $ 2007-02-20 KoSt

Kommandoen Ny hjelpelinje legg ei ny hjelpelinje i biletet. Du kan finne meir om hjelpelinjer i ordlista under Hjelpelinjer.

[Tip]

Du kan legge til hjelpelinjer mykje raskare, om enn ikkje fullt så nøyaktig, ved å dra dei ut frå biletlinjalane og plassere dei der det passar.

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via Bilete → Hjelpelinjer → Ny hjelpelinje.

Beskriving av dialogen Ny hjelpelinje

Retning

Når du klikkar på Ny hjelpelinje kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemme Retning og Posisjon, i pikslar, for den nye hjelpelinja meir nøyaktig enn du kan ved å dra linja ut i biletet med musepeikaren. Retninga kan vere Horisontal eller Vertikal.

Posisjon

Du kan også bestemme Posisjonen til den nye hjelpelinja. Utgangspunktet er øvre, venstre hjørne.